Torbjørn Aga Gjøen – om Bømlo Makerspace

I denne episoden får du bli litt betre kjend med Torbjørn Aga Gjøen som har ein draum, nemlig å starte opp Bømlo Makerspace. 

Visjonen til Bømlo Makerspace er å opprette ein arena der unge og vaksne kan komme med senka skuldrer, vere kreative, utforske nye ting, bruke verktøy dei elles ikkje har tilgang til eller berre rett å slett kunne treffe andre menneske med same interesse og dele kreativiteten sin med andre.

Makerspace kan forklarast som ein folkeverkstad, skaper-rom/skapar-verkstad.

  • Ein plass som er fylt av verktøy ogny-teknologi som 3d printere, laserkutterar og robotar, men også tradisjonelle verktøy som treverktøy, sveiseapparat,loddebo lt, symaskiner og vever.
  • Det løftar folk opp i frå å vere forbrukarog til skape noko sjølv ved hjelp av deling av kunnskap og samvær med andre med same interesse.
  • Ein god grobotn for kreativitet,samhørighet innovasjon og vitskap samla på ein plass.
  • Kan vere med å forhindre attradisjonar, gammal kunnskap og kulturarv går tapt.

Slå følge med Bømlo Makerspace på Instagram: https://www.instagram.com/bomlomakerspace/

Støttespelarar

Desse bedriftene har sponsa ein eller fleire episodar av SunnhordlandPodden