
Kjetil Fyllingen står bak Sunnhordlandpodden – ein lokal podkast som løftar fram menneske, bedrifter, lag, organisasjonar og eldsjeler frå Sunnhordland.
Gjennom samtalar med folk som brenn for noko, ønskjer han å få fram dei gode historiene frå regionen vår – både dei inspirerande, rørande, lærerike og litt uventa. Målet er å skapa ein podkast som både underheld, byggjer lokal identitet og gjer oss litt betre kjende med menneska rundt oss.
Kjetil har drive Sunnhordlandpodden i fleire år, med nye episodar jamleg, og har eit stort engasjement for lokalsamfunn, framsnakk, kultur, næringsliv og frivillig arbeid.