Helene Torkelsen – om Leire, Skaparglede og Keramikk
Helene Torkelsen frå Moster både brenner for leira – og brenner leira. Ho har skapt sitt eige atelier og univers av vakre bruksgjenstandar i keramikk, midt i ein travel kvardag med tre små ungar og fulltidsjobb som lærar. I denne episoden får du bli betre kjend med Helene, som deler historia si om å gå frå kreativ lærar til sjølvlært keramiker med eige brennerom, eigen nettbutikk – og draumen om å leve av det ho elskar å skape. Vi snakkar om estetikk og inspirasjon, kvifor det er viktig å skape sjølv om det ikkje blir perfekt, og korleis det er å stå på marknad med baby på armen. Du får òg høyra om hytta dei har bygd i hagen – som no husar gjestar frå heile verda via Airbnb!


















































































