Harald Johan Sandvik – om Motstandsmannen og Medmenneske Johannes Sandvik

Den 12. mai 1943 vart Anton Johannes Sandvik tatt til fange på Fitjar av tyske soldatar. Frå desember 1943 til slutten av mars 1945 var han fange i den tyske konsentrasjonsleiren Sachsenhausen. Harald Johan Sandvik, son til Anton Johannes, har laga bok om livet til faren. I denne episoden får du bli litt betre kjend med Harald Johan Sandvik, og historia til faren.

Fra omtale av boka:
«Johannes Sandvik er spesielt kjend som aktiv i heimefronten under krigen. Han var med i kampane i Valdres i 1940, og seinare dreiv han med våpentransport i ytre Sunnhordland. Aller mest dramatisk var det då han gøymde ein sterkt ettersøkt mann og transporterte han og venene hans ut av fåresonen. Til slutt vart han sjølv teken av tyskarane.»

Sponsor: Fitjar kommune – https://www.fitjar.kommune.no

Fitjar, det naturlege valet for verksemder i etablering eller under vekst. Her finn du ferdig regulert næringsareal og næringseigedom, utviklingsområder, ein positiv og framoverlent kommune, og eit næringsliv prega av optimisme og vekst. Alt omkransa av landets vakraste skjergard. Velkommen til Fitjar!

Støttespelarar

Desse bedriftene har sponsa ein eller fleire episodar av SunnhordlandPodden