Gunvald Ottesen og Runa Våge Krukhaug – om  The Sound of Music, Nynorsk, Edelweiss og litt Matematisk Forvirring

I denne episoden får du møte Gunvald Ottesen og Runa Våge Krukhaug, to sentrale personar bak Bømlo Teater si storsatsing The Sound of Music – for aller første gong på nynorsk og på utescene i majestetiske Moster Amfi.

Me snakkar om strekk og sveitte, myggar (altså mikrofonar – ikkje insekt), oversetjingar som både må høyrest fine ut og vere gode å synge, og kvifor Edelweiss fekk gamle karar til å bryta ut i mannskor på aldersheimen.

Me får høyre om kvifor det å bygge scenografi i Amfiet er som å bygge eit hus (som straks skal rivast), og kvifor det faktisk kan vere heilt greitt.

Og kvifor åtteåringar som står timevis i solsteiken, får Gunvald til å skjerpa seg.

Her blir det smil, inspirasjon og ekte teatermagi – ispedd litt matematisk forvirring om kor gamal filmen eigentleg er…

Dette er episoden for deg som:

– elskar musikal

– lurer på kva «strekk» betyr i teaterverda

– og som kanskje (bittelitt) vurderer å bli frivillig neste gong Bømlo Teater ropar ut!

NB: Billettane går fort!

Sponsor: Finnås Kraftlag

Finnås Kraftlag er eit allmennyttig samvirke, eigd av medlemmene sine.

Målet er å fremja interessene til innbyggjarane og verksemdene i konsesjonsområdet. Dette gjer dei ved å driva med produksjon, distribusjon og sal av energi, tilby breibandstenester gjennom attraktive produkt frå Altibox, og ved å dela ut gåver til allmennyttige tiltak i lokalsamfunnet.

Medlemmene får også kjøpsutbytte basert på samhandel med selskapa i konsernet.

Finnås Kraftlag er ein lokal aktør som er genuint oppteken av utvikling og trivsel i nærmiljøet til kundane sine.

Ein stor takk til Finnås Kraftlag for at dei sponsar denne episoden!

Støttespelarar

Desse bedriftene har sponsa ein eller fleire episodar av SunnhordlandPodden