Elisabeth Moberg og Espen Hana – om Kristina frå Duvemåla, Bømlo Teater og Usannsynleg Mykje Meir

Frå 2. til 12. august er det igjen klart for ei fantastisk førestilling i Moster Amfi. Då vert det nypremiere på Kristina frå Duvemåla. I denne episoden fortel Elisabeth Moberg og Espen Hana om korleis det er å jobbe med eit slikt prosjekt saman med gjengen i Bømlo Teater.

Du får bli litt betre kjent med Elisabeth Moberg og Espen Hana og rollene de speler, Fina-Kajsa og Danjel. Får du lyst til å sjå Kristina frå Duvemåla?

Sjekk: https://bomloteater.no/oppsetning/kristina-fra-duvemala/

Sponsor: Wärtsilä Norway – https://www.wartsila.com/nor

 

Wärtsilä Norway utviklar ny framdriftsteknologi med fokus på elektrifisering og framtidas drivstoff, som gjer den maritime bransjen meir berekraftig. Verksemda har sitt utspring i motorprodusenten Wickmann med lange tradisjonar på Bømlo og i Sunnhordland, og feirar i 2023 sitt 120 års jubileum.

Støttespelarar

Desse bedriftene har sponsa ein eller fleire episodar av SunnhordlandPodden