Bjørg Thorhallsdottir og Christin Kalve – om Håp, Destinasjon Glede, Fryd og Energi på Stord

Helga 25.-27. august var ei stor gjeng med damer frå heile landet samla til «Fryd & Energi Retreat» på Stord Hotell. Christin Kalve stod bak arrangementet, og med på laget var Bjørg Thorhallsdottir. I denne episoden fortel dei litt om korleis dette samarbeidet vart til. Du får òg høyre litt om historia til Bjørg Thorhallsdottir, kvifor håp er viktig, og kva grep ein kan ta i livet for å fylle det med glede.

Sunnhordlandpodden gratulerer Christin Kalve med eit flott arrangement! Et glimrende «comeback» på heimebane. Dei fekk vist fram mykje av det flotte som er å oppleve på Stord.

 

Sponsor: Åtgaum – https://www.aatgaum.no/

 

Åtgaum er ein bistro og vinbar med deilege lunsjar, fingermat og Pizza! Åtgaum ligg i hjartet av Leirvik sentrum i Torgbakken 7. 

Åtgaum heier på god lokalprodusert mat og det vert gjenspegla i menyen. Heile september har Åtgaum 20% på pizza!

Stor takk til Åtgaum for at de ville sponse dagens episode!

Støttespelarar

Desse bedriftene har sponsa ein eller fleire episodar av SunnhordlandPodden