Å laga podcast er ein fest

Eg storkosar meg når eg får laga podcast! Det er alltid stas å få spanande personar inn i studio og høyra dei fortelja om livet og kva dei brenn for.

Det er så mange bra menneskjer i Sunnhordland som står på i næring-, idrett- og kulturliv. Personar som det er kjekt å heia fram og promotera via podcasten.

I byrjinga var det Mediehuset Sunnhordland som kjøpte episodar, noko eg er veldig takksam for.

Høyr episoden med dåverande redaktør Magne Kydland her.

Situasjonen no

I dag blir ein del episodar produsert på dugnad, nokre er sponsa og nokre er laga på bestilling.

Du som lyttar til podden har fått med deg at eg har hatt inne ulike sponsorar det siste halve året.

Eg synest det er stas når lokalt næringsliv har lyst til å vera med å heia fram andre i regionen vår. Stor takk til dei som vil sponsa ein eller fleire episodar!

Som lyttar har du kanskje og fått med deg at nokre episodar er presentert som «Sunnhordlandpodden spesial». Desse episodane er laga på bestilling frå oppdragsgjevar. Du høyrer at jingle-musikken er annleis, og at det blir presisert kven episoden er laga for.

Ulike modellar for sponsing og samarbeid med SunnhordlandPodden

1 – Vanleg sponsor

Ein vanleg sponsor får: Info i start og slutt av episoden. Framsnakk og bilete delt i sosiale medier. Logo og lenke på sunnhordlandpodden.no i 1 år.

2 – Sponsor-ekstra

I tillegg til det ein får i modell 1, får sponsoren og ein 1-2 minuttar, nokolunde midt i episoden, der dei får dele noko «av verdi» for lyttaren. Målet er at det ikkje skal vera ein forstyrrande reklame, men noko som gjev nyttig informasjon eller underheld på ein positiv måte.

3 – SunnhordlandPodden spesial

Her får oppdragsgjevar vera med å bestemma kven som skal vera gjest i studio og nokre tema som skal fram i episoden.

Kva tenkjer du?

Mitt mål med alle episodar er å framsnakka regionen vår og bidra med heiarop til dei som står på og brenn for noko i Sunnhordland.

Sånn sett trur eg ikkje du som lyttar vil merka stor forskjell på dei episodane som er laga på dugnad, og dei som er sponsa eller spesial.

Men eg vil gjerne høyra frå deg kva du tenkjer om desse modellane.

Synest du det er ei grei løysing, eller synest du at det helst skulle blitt gjort på ein annan måte?

Send ein e-post til kjetil@lekendelett.net eller kontakt meg via Facebook eller Instagram.

PS: Har du andre innspel til podden, eller tips om tema og personar du gjerne vil høyra i SunnhordlandPodden? Då kan du og lekendelett senda meg ein e-post.

Støttespelarar

Desse bedriftene har sponsa ein eller fleire episodar av SunnhordlandPodden